Lukk

Tips nokon om denne nettsida


Lastar
* Du må skrive inn to gyldige e-postadresser
Ditt tips er sendt
Det oppstod ein uventa feil. Prøv på nytt seinare

Standardavtale ved kjøp av varer og tenester

For å få bankkonto, ulike fordelskort, forsikring og lignande, krevs det ofte at du som kunde inngår ein avtale med verksemda som tilbyr deg tenesta.

Det er blitt vanleg at eit såkalla «personopplysningsvilkår» inngår i avtalevilkåra, som ofte betyr at verksemda kan bruke personopplysningane dine i marknadsføringa si.

Personsopplysningsvilkåret skal ikkje være del av avtalen

Når du inngår ei avtale om å få levert ei teneste, der personopplysningsvilkåra inngår i standardavtalen, samtykkjer du samtidig til at verksemda bruker opplysningane dine til andre formål. Dette kan være marknadsføringsformål, medrekna utleverering av opplysningar til eksterne samarbeidspartnerar. For å få den teneste du faktisk treng, er du med andre ord nøyd til å akseptere at verksemda bruker dine personopplysningar til marknadsføring.

Datatilsynet meiner at verksemda må be deg om å samtykke til det dei skal bruke personopplysningane dine til. Dette betyr at formåla som krev handtering av personopplysningar blir tekne ut av standardavtalen. Alternativet er at avtaleteksten inneheld ein avkrysningsboks for desse formåla (”ja, eg samtykkjer til at….").

Når personvernvilkåra blir handtert separat frå standardavtalen sikrer ein at:

  • verksemda har eit grunnlag for å bruke personopplysningane til alle dei ulike behandlingane som vert beskrevne i standardavtalen
  • du som kunde kan ta medvitne val knytt til om du ynskjer at personopplysningane dine også blir brukte til andre formål enn det som er intensjonen med avtalen
  • du som kunde kan vurdere om opplysningane som blir samla inn er relevante og nødvendige for alle dei behandlingane som verksemda skal gjennomføre

Standardavtaler med personopplysningsvilkår er problematisk

Det er i mange tilfeller rekna som urimelig etter markandsføringslova at personvernvilkåra står som ein del av standardavtalen (marknadsføringslova si § 9 a). Også frå ein personvernrettsleg ståstad er denne praksisen problematisk – av fleire grunnar:

  • Når behandling av personopplysningar til fleire forskjellige formål blir regulerte i same kontrakt, blir det vanskeleg å kontrollere om dei aktuelle opplysningane er relevante og nødvendige for det eine, men ikkje det andre formålet, om alle formåla har eit behandlingsgrunnlag osv. Har ein kunde eigentleg gitt eit gyldig samtykke til at verksemda kan bruke personopplysningane til marknadsføringsformål når dette er noko kunden må godta dersom han ønskjer å inngå for eksempel ein forsikringsavtale?
  • Behandling av personopplysningar knytt til hovudformålet med avtalen, vil som hovudregel kunne heimlast i behandlingsgrunnlaget ”avtale” (personopplysningslova § 8 bokstav a). Eit alternativt behandlingsgrunnlag er at behandlinga av personopplysningane skal vere nødvendig. Når fleire ulike formål blir samla i eit og same personopplysningsvilkår, vil nødvendighetskriteriet vanskeleg kunne seiast å vere oppfylt for alle formåla. Det vil mellom anna ikkje vere nødvendig å behandle personopplysningane til marknadsføring for å få kunne gje ei forsikring.
  • Behandling av opplysningane til marknadsføringsformål, krev ofte samtykke fra kunden. Verksemda kan vanskelig seiast å ha ha innhenta eit gyldig samtykke til å bruke personopplysningane til marknadsføring – sjølv om bruken går tydeleg fram av avtalevilkåra. Kunden har ikkje ei reell valmoglegheit dersom han ønskjer den tenesta standardavtalen er knytta til.