Hopp til hovudinnhald

Tips nokon om denne nettsida


Lastar
* Du må skrive inn to gyldige e-postadresser
Ditt tips er sendt
Det oppstod ein uventa feil. Prøv på nytt seinare
Lukk

Kva tid er det greitt å kredittvurdere deg?

Kredittvurdering eller kredittsjekk kan gjerast dersom ei verksemd treng informasjon om at du er kredittverdig eller har betalingsevne.

Verksemda kan be eit kredittvurderingsselskap om å hente ut kredittopplysningar om deg. Slike vurderingar er regulerte i personopplysningsforskrifta §4.

Vilkår for kredittsjekk

Ei verksemd kan berre be om kredittsjekk dersom det er sakleg grunn for det. Dersom du gjer ein avtale som inneber at du får kreditt, for eksempel når du kjøper ei vare du skal betale med faktura, har dei du kjøper av ein slik sakleg grunn for å sjekke om du kan betale.

Ei verksemd kan ikkje gjere ein kredittsjekk av deg dersom du betaler kontant for vara du kjøper. 

Ei kredittopplysningsverksemd kan berre gi ut opplysingar om kredittverdigheit og evne til å betale dersom dei har konsesjon fra Datatilsynet. Sjå kva for verksemder som har lov til å kredittvurdere deg.

Gjenpartsbrev

Dersom du har blitt kredittvurdert, skal du få eit gjenpartsbrev som informerer om at det er gjort ei slik vurdering.

Brevet skal innehalde opplysingar om:

  • kva for nokre opplysingar som er gitt ut
  • kjelda for opplysningane
  • kven som har bedt om kredittopplysingane, herunder adresse og telefonnummer
  • avdeling eller filial som har bedt om opplysingane, dersom det er aktuelt

Ved handel på kreditt i nettbutikk vil kunden få beskjed enten på SMS eller e-post om at det er gjort ei kredittvurdering, og kvar han kan logga seg inn for å lese gjenpartsbrevet. 

Lurer du på kvifor du er kredittvurdert?

Dersom du ikkje forstår kvifor, eller er ueinig i at det er gjort ei kredittvurdering av deg, kan du be om ei forklaring frå den verksemda som har bede om kredittvurderinga.

Spørsmål og svar

  • Flere spørsmål og svar om kredittvurdering
Til toppen