Lukk

Tips nokon om denne nettsida


Lastar
* Du må skrive inn to gyldige e-postadresser
Ditt tips er sendt
Det oppstod ein uventa feil. Prøv på nytt seinare

Nei til bruk av Google Apps (foreløpig rapport)

Datatilsynet set ein stoppar for Google sine nettskytenestar, Google apps. - Tenesten strider mot personvernlovgivinga på fleire punkt, seier Bjørn Erik Thon, direktør i Datatilsynet.

Oppdatering 24.9.2012: Åpner for bruk av nettskytjenester som Google Apps (endelig rapport

Datatilsynet har behandla ei sak mot Narvik kommune, som har valt å bruke Google sine nettskytenester for behandling av e-post i kommunen. Datatilsynet har konkludert med at Google apps ikkje tilfredsstiller personopplysningslova, blant anna fordi kommunen mister kontroll over opplysningane Google behandlar gjennom nettskytenestene. I praksis dikterer Google løysingane dei leverer til kundane sine.

- Dersom Google, eller andre internasjonale selskap, vil tilby nettskytenester til norske verksemder, så må dei utvikle løysingar som varetek norsk og europeisk personvernlovgiving, seier Thon.

Strengje krav til bruk av nettskytenester

Verksemder som nyttar seg av Google apps har i realiteten ikkje moglegheit til å kontrollere at tryggleiken og personvernomsyn blir godt nok teke vare på. Dei veit for eksempel ikkje kvar i verda personopplysningane blir lagra eller kven som får tilgang til desse. Datatilsynet meiner difor at Google ikkje kan selje denne typen tenester til norske kommunar, offentlege etatar eller ein del andre verksemder.

- Som personvernstyresmakt må vi stille strengje krav til kva slags nettskytenester norske verksemder kan bruke. Verksemdene kan ikkje akseptere dei vilkåra som Google set i standardkontraktane sine, seier Thon.

Må seie opp avtalen

Dersom Google ikkje kjem opp med ei løysing som tilfredsstiller lova, oppmodar Datatilsynet Narvik kommune til å seie opp avtalen sin med Google. Kommunen var blant dei fyrste offentlege verksemdene som tok i bruk Google apps, men mange andre har vurdert å følgje etter. Kommunen kan klage på Datatilsynet sitt vedtak, og saka vil då eventuelt gå vidare til Personvernnemnda.

Last ned: