Lukk

Tips nokon om denne nettsida


Lastar
* Du må skrive inn to gyldige e-postadresser
Ditt tips er sendt
Det oppstod ein uventa feil. Prøv på nytt seinare

Undersøker Googles personvernvilkår

Europeiske personvernmyndigheiter undersøker no om Googles nye personvernvilkår, som trådte i kraft 1.mars 2012, er i samsvar med EUs personverndirektiv.

22. mai sendte Artikkel 29-gruppa, paraplyorganisasjonen for europeiske personvernmyndigheiter, eit brev til Google der dei etterlyser presise og utfyllande svar på gjeldande personvernvilkår og -praksis. Dette er det fjerde brevet som Artikkel 29 har sendt Google sidan frebruar i år.

Artikkel 29 har vore særleg kritisk til at dei nye vilkåra opnar for utveksling av personopplysningar mellom dei ulike Google-tenestene.Forutan å vere ein av verdas største søkemotorar, står Google og bak populære tenester som Gmail, Google Maps, Google Apps, Blogger, Chrome, Android, Youtube og Google+. Dette gjer Google til ein av verdas aller største tenesteleverandørar på nett.

Bakgrunn om saka

Artikkel 29-gruppas arbeid med Googles vilkår blir koordinert av personvernmyndigheitene i Frankrike, The Commission nationale de l’informatique et des libertés (CNIL). Dette har skjedd til no i saka:

  • 2. februar 2012: Artikkel 29 sendte eit brev til Google der dei bad selskapet utsetje implementeringa av dei nye vilkåra inntil personvernmyndigheitene i Europa var ferdig med sine undersøkingar.

  • 3. februar 2012: Google sendte brev til Artikkel 29 der dei avviste ønsket om utsetjing.

  • 27.februar: Artikkel 29-gruppa v/CNIL sendte eit nytt brev til Google. I dette brevet står det at dei førebelse undersøkingane til CNIL tyder på at Googles nye vilkår truleg ikkje er i samsvar med EUs  personverndirektiv:

    "The CNIL and the EU data protection authorities are deeply concerned about the combination of personal data across services: they have strong doubts about the lawfulness and fairness of such processing, and about its compliance with European Data Protection legislation, especially with article 6 and 7 of the Data Protection Directive".


  • 28.februar: Google sendte nytt svar til Artikkel 29-gruppa v/CNIL.

  • 16.mars: Artikkel 29-gruppa sendte nytt brev til Google med 69 spørsmål om dei nye vilkår.

  • 20.april: Google sendte nytt svar til Artikkel 29 v/CNIL, eit svar CNIL ikkje var nøgd med:

    "The CNIL welcomes Google's collaboration but regrets that the answers are often incomplete or approximate".

  • 22. mai: CNIL sendte eit nytt brev på vegne av Artikkel 29-gruppa der dei ber Google svare meir presist og utfyllande på tidlegare sendte spørsmål om selskapets nye personvernvilkår og -praksis.

Kritikk frå fleire aktørar

Googles nye personvernvilkår har og møtt kritikk i USA. Foreininga for delstatsadvokatar, National Association of Attorneys General (NAAG), sendte eit brev til Google 22.februar der dei uttrykte sterk uro over dei nye vilkåra, og konsekvensane desse får for Googles brukarar.

TACD, paraplyorganisasjonen som samlar dei leiande forbrukerorganisasjonane i Europa og Nord-Amerika, har og engasjert seg i denne saka. 29.februar sendte dei brev til Google med krav om utsetjing.