I utgangspunktet skal dei føresette samtykkje dersom opplysingar om mindreårige vert lagde ut på nettet. Den mindreårige skal også få tilrettelagd informasjon.
Namn og bilete på Internett
Det kan ha negative konsekvensar å publisere namn og bilete på Internett, og mange barn og føresette ønskjer av ulike grunnar ikkje ei slik publisering. Det kan vere gode grunnar til å verne barn og unge mot einskilde miljø eller personar. Opplysingar på Internett er søkbare for alle. Det er enkelt å hente inn informasjonen frå inn- eller utland, og bruke han i direkte marknadsføring, vidaresal eller til andre framstøyt overfor mindreårige. Slik bruk av opplysingane er oftast uønskt og i mange høve ulovleg. Om namn eller e-postadresse har kome på avveg, er det få moglegheiter for å kontrollere kva ungdommen eller barnet mottek. Dei negative konsekvensane av publisering er færre dersom ein berre legg ut gruppebilete.
Informasjon som mindreårige kan forstå
Eit samtykke skal vere frivillig, uttrykkjeleg og informert. Alle tre krava må vere oppfylte for at samtykket skal vere gyldig. Barn og unge har ikkje like god sjanse som vaksne til å forstå konsekvensane det kan ha å publisere personopplysingar på Internett. Skolen, lærarar, lagleiarar osb. har ansvaret for å forklare og informere om konsekvensane slik publisering kan ha. Alle barn som kan forstå det, må få informasjon som er tilrettelagd for dei. Dei føresette skal også informerast. Datatilsynet har i samarbeid med Forbrukarombodet kome fram til ei rettleiing om bruk av opplysningar om barn og unge. Rettleiaren visar når ein kan få samtykke frå barnet sjølv og når foreldra må samtykke for barnet.
Denne rettleiaren kan lastast ned her
Korleis skal det informerast?
Samtykket må baserast på informasjon om kva opplysingar nettsida skal innehalde, formålet med publiseringa, at det er frivillig å gi frå seg opplysingane/biletet, kor lenge det vil liggje på nettsida, kva konsekvensar og ulemper dette kan ha, og eventuelt annan informasjon som er naudsynte for at dei føresette og den mindreårige skal kunne bruke rettane sine etter personopplysingslova. Dess fleire opplysingar som skal publiserast, dess strengare er krava til informasjon.