|
(22.02.2010) Eva Marie Felde
|
Datatilsynet har tidlegare meint at arbeidsgjevar må utelate fødselsnummer for lønnsslippar sendt i e-post. Etter at fleire arbeidsgjevarar har fått reaksjonar frå skattestyresmaktene, har Datatilsynet innhenta ei avklaring i saka.
- Datatilsynet har tidlegare sagt at dersom arbeidsgjevarar ynskjer å sende lønsslippar på e-post, må fødselsnummeret takast vekk. Dersom det blir ståande ser vi det som eit brot på informasjonstryggleiken, seier seniorrådgjevar Christine Ask Ottesen. – Samstundes har fleire arbeidsgjevarar kontakta oss og opplyst om at dei, i etterkant av bokettersyn, har fått reaksjonar frå skattestyresmaktene på grunn av denne praksisen, seier Ottesen.
Datatilsynet har vore i dialog med Skattedirektoratet, og dei klargjer at lønsslippar må innehalde fødselsnummer for å vere i samsvar med regelverket deira.
- Det betyr at alle arbeidsgjevarar må inkludere fødselsnummer på lønnsslippar for å tilfredsstille krava i skattelovgjevinga. Dersom dette skal formidlast til arbeidstakarane på e-post, må det sendast kryptert for å oppfylle krava i personopplysingslova, seier Ottesen.
Datatilsynet føl sakar vidare og ser om det er andre alternative løysingar som let seg gjennomføre som oppfyller alle krav i lovverket.
Les meir om kryptering av lønnsslipp (nytt vindauge).Les meir om tilfredsstillande kryptering (nytt vindauge).Les brevet frå Skattedirektoratet her (pdf i nytt vindauge).