Tilsyn i kommunene våren 2009

del/tips
print
Tips en venn Del artikkelen
Mottakers e-post
Din e-post
Melding
 
 
(23.11.2009) Redaksjonen 

I løpet av våren 2009 gjennomførte Datatilsynet tilsyn med fem kommunar i Vestfold. Kontrollane synte at fleire av kommunane har utfordringar når det gjeld arbeidet med internkontroll og informasjonstryggleik.


Datatilsynet har også tidlegare gjennomført kontrollar i norske kommunar. Resultata frå kontrollane i 2009 og dei nærare 30 som vart gjennomført i 2003, syner at det er stor skilnad i kor langt kommunane er komne i arbeidet med internkontroll og informasjonstryggleik. Fleire av dei kontrollerte kommunane manglar tilfredstillande dokumentert system for internkontroll og for informasjonstryggleik. I tillegg er det mange kommunar som ikkje har oversikt over kva personopplysingar dei faktisk behandlar, og det er ofte mangelfulle rutinar for publisering på Internett.

Datatilsynet vil også i tida framover ha kommunane som eit satsingsområde, og følgje opp med fleire tilsyn i ulike kommunar. Datatilsynet tilrår at alle kommunane set seg grundig inn i rettleiaren i internkontroll og informajsonssikkerheit. Samstundes vil det vere nyttig å lese dei endelege kontrollrapportane frå tilsyn i kommunane.

Les tilsynsrapport og varsel om vedtak frå kommune 1 (pdf i nytt vindauge).

Les tilsynsrapport og varsel om vedtak frå kommune 2 (pdf i nytt vindauge).

Les tilsynsrapport og varsel om vedtak frå kommune 3 (pdf i nytt vindauge).

Les tilsynsrapport og varsel om vedtak frå kommune 4 (pdf i nytt vindauge).

Les tilsynsrapport og varsel om vedtak frå kommune 5 (pdf i nytt vindauge).

Last ned rettleiaren i internkontroll og informasjonstryggleik (pdf i nytt vindauge).

Datatilsynet © 2010    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy