Det er ikkje lov å overvake huset til naboen

print
(22.10.2008) Gunnel Helmers 

Aftenposten Aften spurde, på oppmåing frå ein lesar, om det er lov å overvake naboen. Her er eit samandrag av utsegnene frå Datatilsynet.


Tittel: Overvåkingskamera Copyright: Gunnel Helmers/Datatilsynet
Datatilsynet handhever personopplysningslova, som regulerer kameraovervaking. Lovverket kjem ikkje til bruk dersom ein sjølv berre overvaker sin eigen, private eigedom. Likevel er det slik at dersom ein samtidig fangar inn meir enn ein ubetydeleg del av naboen sin grunn, vil overvakinga vere ulovleg etter personopplysningslova.

Det vil altså vere heilt avgjerande for vurderinga korleis overvakingsanlegget er innretta.

Å kameraovervake ulovleg er ikkje straffesanksjonert etter personopplysningslova. Dersom naboeigedomen overvakast, kan Datatilsynet gi pålegg om at kameraa må fjernast eller dekningsvinkelen justerast slik at berre eigen eigedom blir omfatta av overvakinga. Det vil vere straffesanksjonar knytte til å nekte å følgje eit slikt pålegg.

Dei fleste domane som ligg føre på området, har behandla overvakinga av naboar som ei krenking av privatlivet, etter straffelova § 390a. Krenking av privatlivet er klart knytt opp mot straffesanksjonar. Straffelova blir ikkje handhevd av Datatilsynet, men av politiet.

I einskilde saker som Datatilsynet har hatt til behandling, er politiet allereie inne i saka.Datatilsynet vil vere forsiktig med å gripe inn i desse sakene samtidig som politiet arbeider med dei.

 

Datatilsynet © 2010    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy