Digitalt bakkenett og web-tv

print
(13.11.2007) Gunnel Helmers 

Arbeidsgruppa for personvern i telesektoren har kome med konkrete råd når det gjeld personvern ved bruk av digitale medium. Råda gjeld blant anna ved innføringa av digitalt bakkenett, samt tilrettelegging av web-tv.


Arbeidsgruppa for personvern i telesektoren er nedsett av datatilsynsmyndigheitene i EU/EØS-området. Råda blei vedtekne på gruppa sintt 42. møte i Berlin i begynninga av september.

Gruppa listar opp ei rekkje forhold som gjer at digital formidling av innhald kan medføre registrering av kva den einskilde les og gjer. Gruppa viser også til at fleire slike system er lukka for brukaren, som ein svart boks, og at opplysningane er kontrollerte av leverandøren. Sjølv avanserte sjåarar vil ha problem med å vite kva systemet gjer.

Gruppa sine råd er, i kortform:

  1. Det må framleis vere mogeleg å sjå fjernsyn utan å registrere brukaren eller bruksmønsteret. Det bør også vere mogeleg å betale utan å måtte oppgi namn. Dette kan skje ved sal av førehandsbetalte kort. Det er likevel viktig at anonymitet ikkje kostar meir for sjåaren. Gruppa understrekar også at tekniske system må bli bygde opp slik at dei lagrar færrast mogeleg opplysningar om den einskilde. Ulemper for personvernet må vurderast på førehand.
  2. Dersom selskapet samlar inn personopplysningar, må det berre vere til lovlege formål. Det må ikkje samlast fleire opplysningar enn nødvendig. Moglegheitene for at sjåaren sjølv kan velje innhald, bør ikkje automatisk føre med seg eit krav om at ein blir identifisert.
  3. Leverandørane må på førehand melde frå kva dei skal bruke opplysningane til, kvar dei skal lagrast, og kor lenge.
  4. Leverandørane skal berre lage profilar på kundar som aktivt har valt det sjølv. Profilar kan også berre giast vidare til andre med samtykke frå den einskilde. Sjåarar må ha rett til å trekkje tilbake samtykket når som helst.
  5. Sjåarar har rett til å sjå opplysningane om seg sjølv. Dei har også rett til å krevje retting. Dette skal ikkje koste noko for sjåaren.
  6. Opplysningar om personar må sikrast tilfredsstillande.
  7. Uavhengige organ må sikre at krava til personvern er oppfylte.

Les råda, og få meir bakgrunnsinformasjon her (pdf, engelsk, nytt vindauge)

Datatilsynet © 2010    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy