Meldeskjema

print
(15.11.2004) Datatilsynet 

Meldeskjema gjeld melding om behandling av personopplysningar etter personopplysningslova og helseregisterlova.


Meldeskjema
Datatilsynet har laga eit elektronisk skjema med rettleiiar. Fyll ut skjemaet, og trykk på send! Det er ikkje vanskeligere. Merk at når verksemda melder elektronisk blir felta sjekka slik at det innsende skjemaet blir korrekt utfyld. Kvitteringa kjem dessutan raskere. Dette tek kortare tid for verksemda.

 

Foto: Meldeskjemaet

Det  elektroniske meldeskjemaet
(nytt vindauge)


Rettleiing til melding om behandling av personopplysningar (nytt vindauge) 
 - Eigen guide for kameraovervåking
   (Nytt vindauge)

Når verksemda har meldt, får ho ei kvittering for at meldinga er motteken. Kvitteringa kjem til e-postadressa som er oppgitt, eller i vanleg post til den oppgitte postadressa for meldingar som Datatilsynet har motteke på papir.  

Kvitteringa skal tene som dokumentasjon for at meldeplikta er oppfylt, og må ikkje oppfattast som ei godkjenning av at behandlinga tilfredstiller loven sine andre krav. Meldinga er berre ei orientering frå den behandlingsansvarlege om at behandlinga finn stad.

Verksemder med personvernombod
Dersom verksemda har personvernombod, skal meldinga sendast direkte til ombodet. Det er utvikla eigne meldeskjema for desse verksemdene.

Meldeskjema finn du under personvernombodssidene våre.
Oversikt over verksemder med personvernombod

Papirskjema
Dersom verksemda har personvernombod, eller det av andre grunnar ikkje er mogleg å melde elektronisk, skal papirskjema nyttast. Dette må skrivast ut og sendast til Datatilsynet per telefaks (faksnummer 22 42 23 50) eller i posten.
Last ned papirskjemaet her: 

Meldeskjema, bokmål (pdf-format, nytt vindauge)
Meldeskjema, nynorsk (pdf-format, nytt vindauge)
Meldeskjema, engelsk (pdf-format, nytt vindauge)

Verksemda kan eventuelt få skjemaet tilsendt i post ved å kontakte Datatilsynet.

Melding, konsesjon eller fritak?
Dersom du er usikker på om bruken av personopplysningar skal meldast eller ikkje, bør du sjekke dette før du melder.

Les meir om melde- og konsesjonsplikt på rett og plikt-sidane 

Datatilsynet © 2010    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy