- Vern postlista mot treff frå søkjemotorar

print
(16.03.2007) Gunnel Helmers 

Det offentlege gjer i stadig større utstrekning postlister og saksdokument tilgjengelege på Internett. Ikkje alle vernar personopplysningane i dokumenta mot direktesøk gjennom søkjemotorar.


Eit vern inneber at ein fyrst må klikke seg fram til det aktuelle forvaltningsområdet, og så søkje derfrå.

Mange av sakene som blir behandla i offentleg sektor gjeld enkeltpersonar. Saksinformasjon som gjeld ein privatperson kan dermed lett kome til å dukke opp når ein søkjer på Internett, kanskje med heilt andre søkjekriterium, og heilt andre mål for søkinga. Søkjer ein på Internett for eksempel etter konsertar på Kongsvinger, får ein kanskje også opp saker som gjeld namnebrørne eller -søstrene til musikarane sine søknader om barnehageplass, skulefri, nytt gjerde, redusert renovasjonsavgift eller liknande.

–Kommunar og etatar må verne postlistene sine slik at personvernet ikkje blir skadelidande, seier Georg Apenes, direktør i Datatilsynet.

Søket må kunne utførast i tilknyting til nettenesta til kommunen, men kommunane må tilpasse dei tekniske løysingane sine slik postlistene ikkje utan vidare blir opp fanga av søkjemotorar frå Internett. Dei fleste profesjonelle og gode søkjemotorar vil respektere at den tekniske løysinga seier at dokumenta ikkje skal gjennomgåast av søkjerobotar.

Etter Datatilsynets oppfatning vil ein slik melding til søkjerobotane utgjere eit minstemål av vern. Nokre tenester vil kunne ha større vernebehov, og dei må etablere betre ordningar, slik ein har sett blant anna frå Skatteetaten når det gjeld publisering av likningsopplysningar. Datatilsynet vil utarbeide ein kort rettleiar som kan hjelpe kommunar og etatar når dei vurderer personvernspørsmåla ved publisering.

Mange feil

Datatilsynet har sett ei rekkje eksempel på at kommunar har publisert personopplysningar som ikkje skulle ha vore tilgjengelege på Internett. Nokre av dokumenta har innehalde opplysningar om fødselsnummer, andre er frå enkeltmenneske i krise som har søkt hjelp frå kommunen, andre har vore fullstendige jobbsøknader med skanna attestar og vitnemål. Når glippen er eit faktum, kan konsekvensane vere store for den det gjeld.

Stortinget valde å gi den nye offentleglova eit uttrykt formål under behandlinga forsommaren 2006. Lova legg vekt på openheit og folk sine kontrollmoglegheiter, men også rettstryggleik, demokratisk medverknad og tilliten til forvaltninga.

§ 1 Formål
”Formålet med lova er å leggje til rette for at offentleg verksemd er open og gjennomsiktig, for slik å styrkje informasjons- og ytringsfridommen, den demokratiske deltakinga, rettstryggleiken for den enkelte, tilliten til det offentlege og kontrollen frå ålmenta. Lova skal òg leggje til rette for vidarebruk av offentleg informasjon.”

- Tilgjengeleggjeringa må gjennomførast på ein måte som ikkje undergrev den einskilde sitt personvern og tilliten til forvaltninga, seier Georg Apenes, direktør i Datatilsynet.

Datatilsynet © 2010    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy