For å kunne kommunisere på Internett er ein avhengig av IP-adresser for å kunne sende og motta informasjon. Ei statisk IP-adresse er ei permanent adresse som ein internetttilbydar gir ei datamaskin. I tillegg har ein kortvarige (dynamiske) IP-adresser som berre er gitte ei datamaskin i ei avgrensa tid.
Personvernrisiko
For personvernet til vanlege privatpersonar på dagens Internett er det ein fordel at IP-adressa ikkje er registrert fast på brukaren. Med ei fast IP-adresse vil all Internett-aktivitet lettare kunne sporast til den einskilde.
I dag er det berre internettilbydaren (eigaren av DHCP-serveren) som vil kunne fortelje kven som har hatt ei dynamisk gitt IP-adresse i eit gitt tidspunkt.
Det er strenge krav til internettilbydaren når det gjeld kven som kan få informasjon om kva for ein brukar som står bak ei dynamisk gitt IP-adresse. I Noreg kan politiet, når dei har heimel og når slik informasjon er lagra, be om slik informasjon dersom dette er nødvendig for etterforskinga av ei kriminell handling.
Datatilsynet meiner at obligatoriske faste IP-adresser for vanlege privatpersonar vil innebere fare for misbruk og eit svekka personvern. Det bør ikkje verte enklare for kven som helst å overvake trafikken på Internettet.
Risiko for tryggleiken
Eit krav om ei fast IP-adresse for alle har også ulemper for informastryggleiken. Dagens bruk av faste og mellombelse IP-adresser inneber at ei adresse kan delast av ei mengd bakanforliggjande datamaskiner. Ein kan dermed ikkje vere sikker på kva datamaskin som kommuniserer berre på bakgrunn av IP-adressa aleine. Dette er ei uvisse som faktisk kan auke tryggleiken for datamaskiner i eit nettverk. Maskinene er blant anna mindre sårbare for direkte angrep.
Ny IP-versjon på trappene
Den største delen av datatrafikken på Internett bruker eit adressesystem som heiter IP versjon 4 (IPV4). Det finnst ikkje nok IPV4-adresser til alle aktuelle datamaskiner på Internettet i dag.
Ein nyare IP-versjon, IP-versjon 6 (IPV6), er teke i bruk i nokre delar av nettet. Denne versjonen har langt fleire unike adresser, slik at det faktisk med IPV6 er mogeleg å innføre fast IP-adresse for alle. Når IPV6 eventuelt blir teke i bruk på brei basis, må dette opp til ein vidare personverndebatt.