Krav om samtykke for bruk av lokaliseringsdata
(03.02.2005) Leif T. Aanensen 
print
 
del/tips
Tips en venn Del artikkelen
Mottakers e-post
Din e-post
Melding
 
 

Datatilsynet har sendt vedtak til teleoperatørane Telenor ASA og NetCom AS om at desse må innhente eit uttrykkjeleg og informert samtykke frå abonnentane sine før selskapa kan utlevere denne typen informasjon til andre kommersielle aktørar.


Det er mogeleg for teleoperatørane med relativ stor detaljtruskap å gi informasjon om kor mobilbrukaren oppheld seg.Teleoperatørane ønskjer å kunne tilby slik informasjonen til også andre kommersielle aktørar.

Datatilsynet har sendt vedtak til teleoperatørane Telenor ASA og NetCom AS om at desse må innhente eit uttrykkjeleg og informert samtykke frå abonnentane sine før selskapa kan utlevere denne typen informasjon til andre kommersielle aktørar.Teleoperatørane har fått ein frist til 1. juni å gjennomføre vedtaket, medrekna innhente samtykke frå noverande kundar.

Med dette vedtaket blir det sikra at abonnentane reelt sett får høve til å ta stilling til om mobiltelefonen også skal nyttast som ein sporingseinheit, og om teleoperatøren skal få utlevere slik informasjon til andre.Det vil samtidig vere eit krav at dei verksemdene som nyttar lokaliseringsdata innhentar eit spesifikt samtykke frå abonnenten for det konkrete formålet.Abonnenten skal også når som helst kunne trekkje tilbake samtykket, anten permanent eller for ein kortare periode.

Det er i vedtaket lagt vekt på at tungvegande personverninteresser taler i retning av at enkeltindividet må ha ein utvida kontroll med om teleoperatørane si utlevering av lokaliseringsdata er aktiverte eller ikkje.Dette er ein nødvendig føresetnad for at abonnenten skal kunne ha kontroll med opplysningar om seg sjølv.

Datatilsynet har sett ei omfattande auka kommersiell interesse for bruk av lokaliseringsdata.Det er lansert fleire tenester for sporing og attfinning av køyretøy, gjenstandar og menneske.Lokaliseringsdata blir også teke i bruk for tenester der mobilbrukaren kan bli varsla når han eller ho er nær visse tilbod.Når abonnenten sjølv har høve til å godkjenne at teleoperatørane skal kunne utlevere lokaliseringsdata til andre kommersielle aktørar, blir faren for misbruk redusert.Det er også viktig at teleoperatørane gir abonnenten høve til raskt å stoppe slik utlevering av posisjoneringsdata.

Les brevene til Telenor og Netcom (pdf, nytt vindauge)

(Status i saka per 15.08.2005:Saka blei klaga inn til Datatilsynet, og tilsynet fall etter ei ny og grundig vurdering ned på at saka blir opphevd.Etter Datatilsynets meining var det feil i saksbehandlinga som kan ha verka inn på innhaldet i vedtaket.Redaktøren.)


 

Datatilsynet © 2010    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy