- Fleire må tryggleiksklarerast, og bruken av tilgangskontroll og kameraovervaking vil auke, meiner Datatilsynet blir resultatet av forslaget til ny objekttryggingsforskrift som nyleg har vore på høyring. Forslaga inneber personvernulemper, skriv tilsynet
Datatilsynet peikar på ei rekkje forhold som etter tilsynet si meining ikkje er tilstrekkeleg vurdert, og meiner personvernulempene knytte til forslaga ikkje er tilstrekkeleg klargjorde.
Innsyn og informasjon
Vurderingane som arbeidsgruppa har gjort har i liten grad teke stilling til at enkeltpersonar har redusert høve til innsyn og informasjon i opplysningar om dei som er samla inn med heimel i sikkerheitslova. Nye krav til tryggleik kan dermed medføre at fleire behandlingar av personopplysningar blir unnatekne frå innsyn og retten til informasjon.
Tryggleiksklarering
Datatilsynet peikar vidare i høyringsfråsegna si på at konsekvensane av at fleire må tryggleiksklarerast ikkje er tilstrekkeleg vurderte. Fleire personar enn tidlegare vil måtte finne seg i å bli granska i detalj, for eksempel når dei ønskjer nytt arbeid. Høvet til å leggje negative forhold i fortida si bak seg vil dermed bli avgrensa. Forslaga vil også ha negativ verknad for utanlandske statsborgarar og personar med nærståande frå andre land, skriv Datatilsynet vidare i høyringsfråsegn.
Kameraovervaking og tilgangskontroll
Forslaget legg opp til auka bruk avkameraovervaking og tilgangskontroll i samanheng med pålegg om sikring av objekt. Dette blir foreslått heimla i sikkerheitslova, men under føresetnad av at overvakinga skal skje i samsvar med personopplysningslova. Datatilsynet gjer i høyringsfråsegna merksam på at dette er ein sirkelargumentasjon; det skal mykje til før ein konkluderer med at kameraovervaking eller tilgangskontroll som er lovheimla i ei anna lov ikkje kan gjennomførast etter fråsegnene til personopplysningslova.
Les heile høyringsfråsegna (pdf-format)