Varsel om pålegg til nettstaden ”deiligst.no”
(13.10.2004) Gunnel Helmers 
print
 
del/tips
Tips en venn Del artikkelen
Mottakers e-post
Din e-post
Melding
 
 

Datatilsynet har motteke ei klage knytt til nettstaden www.deiligst.no. Ei mor ønskte profilen til den mindreårige dottera si fjerna frå nettsidene. Datatilsynet har no gitt klagaren medhald, og har bedt nettstaden fjerne dottera sin profil.


Dersom ein skal leggje personopplysningar om barn under 15 år ut på Internett, må ein ha samtykke frå dei føresette. Bilete blir også definert som personopplysningar. Dottera til klagaren skal ha vore 13 år då profilen blei oppretta, og på bilete som blei lagt ut var det mogeleg å identifisere henne. Ho gav sjølv samtykke til utlegginga av bileta, men i og med at ho var under 15 år då bileta blei lagde ut, må dei føresette kunne tilbakekalle samtykke på vegne av den mindreårige. Datatilsynet har derfor sendt eit varsel om pålegg til webredaktøren om at profilen må fjernast.

Les meir om personopplysningar på Internett

Les heile brevet frå Datatilsynet her (pdf-format)

Datatilsynet © 2010    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy