Stor interesse frå kommunane for seminar i internkontroll og informasjonstryggleik
(03.03.2010) Eva Marie Felde 
print
 
del/tips
Tips en venn Del artikkelen
Mottakers e-post
Din e-post
Melding
 
 

Meir enn 300 har meldt seg på seminara for kommunane. Det er framleis ledige plassar for dei som ynskjer å delta.


 
- Vi er særs glade for at så mange har meldt seg på. Seminaret i Drammen er allereie fullteikna, og både i Kristiansand og Bergen gjeld det å melde seg på snarast mogleg for å vere sikker på å få delta, seier senioringeniør i Datatilsynet, Renate Thoreid.

Saman med representantar for Kommunal informasjonssikkerhet (KINS) og Norsk Senter for informasjonssikring (NorSis), skal ho reise rundt og mellom anna informere kommunane om kva  trugslane dei står overfor og kva sikkerheitstiltak som må vere på plass for å trygge opplysingar om innbyggjarane på ein tilfredsstillande måte. 

- Av påmeldingane ser vi at det er ei variert gruppe som ynskjer å delta, og det er positivt. Sjølv om vi gjerne skulle ynskje at endå fleire rådmenn melde seg på, sidan det er dei som er ansvarlege for at internkontroll og informasjonstryggleik er på plass. Mange av dei som arbeider med dette i det daglege opplever kanskje at kommuneleiinga ikkje forstå viktigheita av arbeidet. Difor legg vi også spesiell vekt på nett forankring i leiinga under seminara, seier Thoreid.

Alle seminara er gratis og blir arrangert frå 09:30 – 15:30:
9. mars – HAMAR, Formannskapssalen Hamar kommune
10. mars – KRISTIANSAND, Clarion Hotel Ernst
11. mars – DRAMMEN, (NB! FULLT) Fylkestingssalen Buskerud Fylkeskommune
16. mars – BERGEN, Bergen rådhus
17. mars – ÅLESUND, Bystyresalen, Ålesund kommune
18. mars – TRONDHEIM, Lerkendal stadion
19. mars – TROMSØ,Kommunestyresalen, Tromsø kommune

Meld deg på ved å trykke på denne linken (nytt vindauge).

Sjå heile agendaen for seminaret (pdf i nytt vindauge).

Rådmenn og andre i leiinga, samt sikkerheitsansvarlege og tilsette med ansvar for internkontroll og informasjonssikkerhet i kommunen, er oppmoda om å delta. 
Seminaret vektlegg korleis kommunane i praksis bør arbeide med internkontroll og informasjonssikkerheit, for å lukkast. Datatilsynet presenterer funn frå kontrollar i kommunane og orienterer om kva eit tilsyn inneber. Lokale kommunar fortel om sine erfaringar og utfordringar frå arbeidet med internkontroll og informasjonssikkerhet, og bidreg med råd om iverksetting og løysingar knytt til emnet. Forankring i leiinga og bevisstgjering av alle tilsette er også sentrale emne på agendaen, og seminaret blir avslutta med ein paneldebatt.

Du kan også få konkrete tips til korleis gå i gang med arbeidet ved å bruke Datatilsynet sin rettleiar. Den blei i 2009 sendt ut til alle norske kommunar, og kan lastast ned eller bestillast her (nytt vindauge).

Før sommaren vil Datatilsynet be alle norske kommunar melde frå om status når det gjeld kor langt dei er kome med implementering av eit dokumentert internkontrollsystem for si handsaming av personopplysingar.

Datatilsynet © 2010    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy