Datatilsynet arrangerer i løpet av våren 2010 ei rekke kurs rundt i landet. På denne sida får du meir informasjon om kurs for personvernombod, informasjonstryggingskurs for kommunane og kurssamarbeid med DIFI for statleg sektor.
Ved å klikke på denne linken finn du ei detaljert oversikt over kurs og seminar i regi av Datatilsynet (pdf i nytt vindauge).
Der ligg også lenkar til agenda og påmelding for fleire av seminara og kursa. For nokre av seminara og kursa er ikkje programmet klart, men denne sida vil bli oppdatert med meir informasjon så snart det er tilgjengeleg. DU kan også lese meir om og melde deg på dei ulike seminara ved å klikke på linkane under.
Kurs som er merka med PVO, personvernombod, er berre tilgjenglege for dei som er ombod, eller verksemder med personvernombod. Dersom søknad om å bli personvernombod blir sendt til Datatilsynet før påmeldingsfristen, kan de delta på opplæringskurset.
Les meir om dei ulike kursa her (nytt vindauge).
Kursa for kommunane er eit samarbeid med NorSis, Norsk senter for informasjonssikring, og KINS, Kommunal informasjonssikkerheit. Dessekursa bir halde rundt om i landet i løpet av veke 10 og 11.
Les meir om seminarrekka her (nytt vindauge).
Kursa for statleg sektor er gjennomført i samarbeid med DIFI, Direktoratet for forvaltning og IKT. Meir informasjon om desse kursa kan du også finne her (link i nytt vindauge).
NorSIS (Norsk senter for informasjonssikring) arrangerer i samarbeid med NSM (Nasjonal sikkerhetsmyndighet), sikkerhetskulturkonferanse den 16.- 17. mars 2010. Her kan deltakarane oppdatere eigen kompetanse, samt møte andre som er opptekne av sikkerheitskultur. Konferansen har plass til 70 deltakarar og blir arrangert på Maihaugen, Lillehammer.
Les meir om arrangementet og meld deg på her (nytt vindague).