Datatilsynet har varsla nettsida www.iam.no om at dei må endre brukarvilkåra sine, sikre at reserverte og hemmelege telefonnummer ikkje dukkar opp, samt avvikle lagring av IP-adresser.
(Oppdatert 17.02.2010) Datatilsynet har no motteke brev frå I', international, der dei imøtegår krava frå Datatilsynet. Les brevet nederst i artikkelen.
- Vi har vurdert saka på generelt grunnlag, og ser at det må understrekast at det finns ei grense for kor mykje tilleggsinformasjon som kan koplast saman før personvernulempene blir for store for den enkelte. Dersom ulempene for personvernet blir for store så må kvar enkelt samtykke i at opplysingane blir publiserte, seier direktør for juridisk avdeling, Kim Ellertsen.
Datatilsynet har sett nærare på brukarvilkåra og anna relvant informasjon på tenesta www.iam.no, for å sjå om dei fyller krava personopplysingslova stiller. Hausten 2009 mottok Datatilsynet fleire hundre klager på nettstaden www.iam.no. Tenesta har gjort ei rekkje endringar sidan oppstarten, noko som gjer at tenesta no er meir personvernvennleg. Datatilsynet har teke utgangspunkt i dagens versjon av sida, og meiner at tenesta må gjere nokre grep for å tilfredsstille krava i personopplysingslova.
- Slik vi tolkar lova har alle verksemder som driv behandling av personopplysingar ansvar for at dei er riktige og oppdaterte. Det betyr at alle desse tenestene må ha reservasjonsløysingar. Du skal sjølv få bestemme kva tele og opplysingstenester du vil stå oppført i. Nokre vil kanskje ynskje å stå oppført i telefonkatalogen, men ikkje hjå I’m international, og det har brukarane også krav på, seier Ellertsen.
I brevet til I’m international krev Datatilsynet at brukarvilkåra blir endra, slik at ein sikrar at personopplysingane på nettstaden er korrekte og oppdaterte. Slik brukarvilkåra er i dag, fråskriv i I’m international seg ansvaret for at opplysingane er riktige, noko dei i følgje personopplysingslova ikkje kan gjere. Vidare ser tilsynet det som spesielt uheldig at skattelister frå 2004 er brukt som kjelde. Det må også innførast betre rutinar som sikrar at hemmelege eller reserverte adresser og telefonnummer ikkje blir publiserte. Tilsynet har også fatta vedtak om at rutinane for lagring av IP-adresser må endrast.
Då tenesta vart lansert hausten 2009 reagerte fleire på at det vart publisert mangelfulle og feilaktige opplysingar om privatpersonar busett i Noreg. Det kom også klager på at tenesta, som mellom anna publiserer namn, bustadadresse og telefonnummer til privatpersonar, også la ut informasjon om skjulte adresser og telefonnummer. Fødselsdato var også publisert, men tenesta har no endra dette til alder og stjerneteikn. Datatilsynet ser ikkje relevansen av å publisere dette, og tilrår at opplysingar om stjerneteikn blir vurdert fjerna frå tenesta.
Les brevet til I’m international (pdf i nytt vindauge).
Les svaret frå I'm international (pdf i nytt vindauge).