Tilbodet om gransking av dødsstaden til småborn som døyr plutseleg og uventa er etablert, og samstundes definert utanfor Datatilsynet sitt tilsynsområde.
- Rettstryggleiken til foreldre som opplever at småborna deira døyr uventa, blir ikkje godt nok ivareteken. Slik ordninga står i dag er det reell fare for brot på deira menneskerettar, seier seniorrådgjevar i Datatilsynet, Cecilie B. Rønnevik.
Bakgrunnen er at ordninga skal baserast på samtykke frå foreldra. Tilsynet meiner det er reell fare for at foreldra kjenner seg pressa til samtykke, av frykt for å bli gjenstand for andre sin mistanke. Samstundes er foreldra i ein slik situasjon at det kan stillast spørsmål ved om dei ser alle konsekvensane av å gje eit samtykke. Eit slikt samtykke kan difor ikkje seiast å vere informert, frivillig og uttrykkeleg, og dermed er det heller ikkje gyldig.
- Granskingar som blir gjennomført utan gyldig samtykke vil medføre brot på foreldra sin rett til privatliv og til ein rettferdig straffeprosess, seier Rønnevik. – Desse rettane har foreldra utan omsyn til om dei er skuldige lovbrot eller ikkje. Tilsynet meiner difor at det er politiet som skal ta seg av denne typen sakskompleks, seier Rønnevik, og peikar på at straffeprosesslova har reglar som skal ivareta omsynet til foreldra.
Konstruert omgrepsbruk
- No har vi fått melding om at ordninga skal regulerast av pasientrettslova, som helsehjelp til det døde barnet, seier Rønnevik. – Dette ber preg av å vere ein konstruksjon. Det er vanskeleg å sjå at gransking av heimen barnet døydde i er helsehjelp til det døde barnet.
- Det er først og fremst problematisk at det lovverket som no skal regulere ordninga ikkje tek høgde for dei særlege omsyna som må takast i arbeidet med slike saker, seier Cecilie B. Rønnevik.
At pasientrettslova og helsepersonellova regulerer ordninga inneber vidare at det ikkje er konsesjonsplikt. Dette til tross for at både Datatilsynet, helse- og omsorgsdepartementet og Folkehelseinstituttet tidlegare forstod det slik at Datatilsynet skulle regulere ordninga gjennom konsesjon.
- Det kan sjå ut som ein bevisst har definert ordninga ut av Datatilsynet sitt ansvarsområde, då tilsynet tidlegare har uttalt seg kritisk til ordninga, avsluttar Rønnevik.
Les meir om saka her (nytt vindauge).
Les brevet frå Datatilsynet til Folkehelseinstituttet (pdf i nytt vindauge).
Les svaret frå Folkehelseinstituttet (pdf i nytt vindauge).