Datatilsynet meiner Experian si kartteneste der norske husstandar klassifiserast ut i frå mellom anna yrke, inntekt og sivilstatus, er noko problematisk.
Experian Insight AS annonserte i 2009 ei kartteneste der kvar norske husstand fekk ein profil basert på inntekt, yrke, familiestatus og over 70 andre variablar henta frå offentlege kjelder. I pressemeldinga som selskapet sende ut stod det mellom anna ” Med disse profilene kan Experian med stor nøyaktighet beregne omsetningen for planlagte butikker og kjøpesentre på gitte geografiske steder. Eller hvilke husstander de forskjellige bilforhandlerne bør sende reklame til”.
Etter spørsmål frå media om tenesta, har tilsynet sett nærare på den, og ber på bakgrunn av dette om ei utgreiing frå selskapet. Slik Datatilsynet forstår kan dei som abonnerer på tenesta frå Experian zoome inn på kvar enkelt bustad, og med dei tilgjenglege variablane vurdere om dei skal marknadsføre si vare eller teneste til deg eller om den høver naboen betre.
I følgje lova skal det, som hovudregel, hentast inn samtykke for å lage personprofilar, som Experian gjer. For å kunne bruke den samansette informasjonen i personprofilar til å skreddarsy marknadsføring og liknande er det også krav om særskild informasjonsplikt. Bruk av anonyme, statistiske opplysingar er ikkje personprofilar, men det er då krav om at opplysingane ikkje kan førast tilbake til einskildpersonar.
Datatilsynet ber i brev til Experian at dei gjer greie for kva kjelder som er brukt, og om kredittopplysingar er ei slik kjelde. Vidare ber tilsynet også om selskapet sitt syn på korleis dei oppfyller krava i personopplysingslova, eventuelt korleis dei sikrar at det berre blir behandla anonyme opplysingar.
Datatilsynet ber også Experian om å fjerne opplysinga om at Datatilsynet har godkjent kartet, då tilsynet ikkje godkjenner tenester i den forstand.
Les heile brevet til Experian (pdf i nytt vindauge).