Barn har rett på privatliv og personvern, og føresette bør difor ha avgrensa tilgang på informasjon i læringsplattformer i skulen. Innsynsretten bør variere ut i frå barnet sin alder og funksjonar i læringsplattforma.
Læringsplattformer i skulen blir meir og meir vanleg, allereie frå barneskulen. Samstundes manglar lovverk på foreldre og føresette sin rett til innsyn i borna sine kontoar på desse plattformene. Datatilsynet har også tidlegare sett på spørsmålet, og gjer i eit brev til Utdanningsdirektoratet greie for si tolking av regelverket.
- Det er ei prinsipielt viktig sak, og det er vanskeleg å trekke opp heilt klåre grenser, seier direktør for juridisk avdeling i Datatilsynet, Kim Ellertsen.
Mange bruksområde
- Eit av hovudproblema her er at plattformene har eit vell av kommunikasjonsmoglegheiter. I tillegg til at foreldre kan få tilgang til timeplanar, informasjonsbrev frå skulen og anna nyttig informasjon, kan elevane også chatte, sende e-post og diskutere med andre elevar og lærarar. Dette er kommunikasjon som foreldra vanlegvis ikkje har tilgang til, så kvifor skal dei plutseleg få det fordi det er elektronisk tilgjengeleg, spør Ellertsen.
Ifølgje barneloven er born ned i 7-årsalderen gjeve rett til sjølvbestemming i saker av personleg karakter. Datatilsynet meiner at difor at dei delane av læringsplattformene som omfattar personleg kommunikasjon med andre, ikkje skal vere tilgjengeleg for foreldra. Kva opplysingar foreldra kan få innsyn i må vurderast opp mot til dømes opplæringslova, samt kva opplysingar det vil vere naturleg å ha i samband med oppfølging av barnet.
- At dei føresette får melding om at Ola no har passert grensa for akseptabelt fråvær er ein ting. Å kunne logge seg inn og sjekke at Ola var vekke to timar på tysdag og ein time for tre veker sidan, er noko heilt anna, seier Ellertsen. Kontinuerleg tilgang på fråværsinformasjonen er mykje meir inngripande overfor barnet. Difor meiner Datatilsynet at det må gjerast ei heilskapleg vurdering av kva informasjon som kan seiast å tilhøyre barnet si private sfære. I ei slik vurdering vil eleven sin alder og funksjonalitet i plattforma vere naturlege faktorar som må diskuterast.
Foreldrekontoar
Datatilsynet legg også vekt på at foreldre og føresette i utgangspunktet vil kunne utøve innsynsrett på vegne av borna.
- Den beste løysinga vil truleg vere å gje foreldra eigne kontoar slik at dei kan halde seg oppdatert på relevant informasjon, slik at eleven sjølv bestemmer over passord og brukarnamn. Det er betre enn at elevane opplever ”frivillig-tvang”, når dei må gje foreldra tilgang til alt eller ingenting, avsluttar Kim Ellertsen. Datatilsynet tilrår også at ei slik ordning blir praktisert allereie frå skulestart.
Les heile brevet frå Datatilsynet frå Utdanningsdirektoratet (pdf i nytt vindauge).
Les brevet frå Utdanningsdirektoratet (pdf i nytt vindauge).