Datatilsynet har kontrollert bruk av kameraovervaking i fire norske storbyar. Talet på butikkar som har kameraovervaking er kanskje lågare enn mange trur, og det er feil at ”alle har det”. Samstundes slit dei som nyttar slikt utstyr med å følgje lova.
Dei to siste åra har Datatilsynet kontrollert bruken av kameraovervaking i Trondheim, Kristiansand, Bergen og Tromsø. På kontrollane har tilsynet sjekka at skilting om kameraovervaking er sett opp og i tråd med reglane, og om verksemdene har sendt inn melding om kameraovervaking til Datatilsynet – slik dei pliktar.
Resultata frå kontrollane syner at dei færraste verksemdene nyttar seg av kameraovervaking, men at dei som gjer det ikkje er flinke nok til å følgje regelverket.
- Vi er skuffa over at så få verkar å ha sett seg inn i regelverket for kameraovervaking. På desse kontrollane har vi sjekka to punkt som er relativt enkle å overhalde, meldeplikt og varsling. Men når butikkane ikkje overheld desse, kan ein spørje seg korleis det står til med overhaldinga av slettefristen på sju døgn og sikring av opptaka, avdelingsdirektør i Datatilsynet, Leif T. Aanensen.
Datatilsynet har forståing for at næringsdrivande ynskjer å sikre verdiane i butikkane, men det må skje i tråd med regelverket. Aanensen meiner også at eit av poenga med å varsle om kameraovervaking er å hindre at tjuveri skjer, og er difor forundra over at så mange ikkje overheld varslingsplikta på ein god måte.
Les kontrollrapport frå Trondheim (pdf i nytt vindauge).
Les kontrollrapport frå Kristiansand (pdf i nytt vindauge).
Les kontrollrapport frå Bergen (pdf i nytt vindauge).
Les kontrollrapport frå Tromsø (pdf i nytt vindauge).