I dag slo den europeiske domstolen i Luxemburg fast at datalagringsdirektivt gjeld den interne marknaden i EU, etter klage frå Irland og Slovakia.
Datalagringsdirektivet regulerer lagring, sletting og sporing av trafikkdata knytt til telefonsamtaler, e-post og Internett. Irland og Slovakia stemte nei til direktivet, og fordi dei meiner at direktivet ikkje er knytt til marknadsforhold, men til dei politi- og lovmessige områda i EF-traktaten.
Dommen er i tråd med forslaget frå Generaladvokaten i EU frå i haust, og er difor ikkje overraskande, seier seniorrådgjevar i Datatilsynet, Guro Slettemark.
- Det er framleis eit ope spørsmål om Datalagringsdirektivet blir implementert i norsk rett av eit stortingsfleirtal, fastslår Slettemark. - Styresmaktene har eit val. I den vidare prosessen er det grunnleggjande spørsmålet kor langt dei er villege til å gå når det gjeld tilrettelegging for overvaking av borgarane, seier ho.
I dommen skriv retten at direktivet er korrekt plassert. Retten slår også fast at direktivet er avgrensa til dei tenestene som leverandørane har, og ikkje regulerer politiet eller rettsvesenet sin bruk. Direktivet rettar seg difor fortrinnsvis til den interne marknaden.
Les dommen her (nytt vindauge).
Les pressemeldinga frå EU-domstolen her (pdf, nytt vindauge).