Politiattestar i frivillige lag
(21.01.2009) Eva Marie Felde 
print
 
del/tips
Tips en venn Del artikkelen
Mottakers e-post
Din e-post
Melding
 
 

Frå 1. januar 2009 er alle idrettslag pliktige til å krevje politiattestar frå personar som gjer oppgåver i laget. Også andre frivillige organisasjonar innfører dette som eit krav.


Plikta gjeld berre dei som vil vere i eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller personar med utviklingshemming. Det er endå ikkje teke stilling til om kravet også skal gjelde andre frivillige organisasjonar, men dei har løyve til det, og fleire organisasjonar krev no politiattest.

Formålet med ordninga er å sikre at fritidsaktivitetar er trygge for alle born og unge. Politiattesten inneheld opplysningar om ein person tidlegare er sikta, tiltala, har fått førelegg, eller er dømd for brot på straffelova sine bestemmingar om seksualforbrytingar. Ordninga har heimel i strafferegistreringsføreskrifta § 12 nr. 4, og er vedteke av Idrettsstyret.

Plikta om å hente inn politiattest inneber handsaming av personopplysningar, og difor må ein nytte seg av personopplysingslova. Ein attest utan merknadar vil innehalde personopplysingar, medan ein attest med merknader vil innebere handsaming av sensitive personopplysingar.

Sidan ein politiattest berre vil innehalde korrekt informasjon på det noverande tidspunktet, er det, i samsvar med personopplysingslova, ikkje lov å oppbevare dei politiattestane som vert innhenta. Det betyr at når politiattesten er henta inn skal den slettast.

Rutinar
Idrettslaget skal i samsvar med føreskrifta oppnemne ein person som er ansvarleg for å hente inn politiattestar, samt ein vararepresentant for denne. Begge desse har teiingsplikt. Vidare må det sørgjast for at informasjonstryggleiken vert ivareteken med omsyn til konfidensialitet, integritet og tilgang.

  • Søknad om politiattest skal signerast av den registrerte og av den ansvarlege i idrettslaget før det vert sendt til lokale politistyresmakter
  • Politiet sender ut attest til den registrerte
  • Attesten vert så vist fram til den ansvarlege i idrettslaget personleg eller sendt til idrettslaget etter avtale
  • Den som er ansvarleg i idrettslaget noterer at attesten er henta inn og eventuelle merknadar
  • Den registrerte beheld sjølv politiattesten eller makulerer den på forsvarleg vis
  • Politiattestar skal ikkje lagrast etter at ein har registrert at attesten er motteken

Du kan lese meir om innhenting og handtering av politiattestar på heimesidene til Noregs Idrettsforbund (NIF) www.idrett.no/politiattest (link i nytt vindauge).

Om du har spørsmål eller ynskjer råd om handtering av politiattestar, ta kontakt med Noregs Idrettsforbund på: politiattest@idrettsforbundet.no eller på telefon 800 30 630. Eventuelt kan du kontakte Datatilsynet på postkasse@datatilsynet.no eller på 22 39 69 00.

Datatilsynet © 2010    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy