Inngripende elev-register
(23.10.2008) Gunnel Helmers 
print
 
del/tips
Tips en venn Del artikkelen
Mottakers e-post
Din e-post
Melding
 
 

Kunnskapsdepartementet ønskjer å opprette eit register med til dels svært sensitive opplysningar om alle elevar i grunnopplæringa. - Dette kan bli eit av dei mest personverninngripande registera i Noreg, meiner Datatilsynet, og frarår opprettinga.


- Registeret vil innebere at detaljerte opplysningar om heile den oppveksande befolkninga blir lagra på individnivå i uviss framtid, skriv Datatilsynet i høyringsfråsegna. Dette inkluderer opplysningar om sosiale forhold og helseforhold, religiøs oppfatning, seksuell legning og etnisk tilhøyrsel.
Kunnskapsdepartementet oppgir formålet med registeret til ”å leggje til rette for analysar, statistikk og forskning om læringsutbytte, læringsmiljø og lærarkompetanse til bruk for kvalitetsutvikling og kvalitetskontroll innen grunnopplæringa.” Ingen mindre inngripande måtar å få dette til på er blitt utgreidd.

Datatilsynet stiller også ei rekkje spørsmål ved fundamentale manglar ved forslaget. Kven skal hente inn opplysningane, kva opplysningar skal registrerast, korleis skal opplysningane kvalitetssikrast, kor lang tid skal dei vere lagra i registeret knytt til person, og kven skal ha tilgang? Høyringsnotatet lar det skine gjennom at opplysningane vil vere knytte til identitet i ”fleire tiår” før dei blir anonymisert.

Forslaget om å kunne kople opplysningane med ulike ikkje-spesifiserte register gjer det umogeleg å slå fast konsekvensane av tiltaket. Ei kopling mot eit eventuelt barnehageregister og eit register over høgare utdanning vil gjere det mogeleg å følgje enkeltpersonar over ein 25-års periode. Ved eventuell etterutdanning blir tidsperioden utvida ytterlegare.

Det er eit sentralt personvernprinsipp at registrering og annan bruk av personopplysningar må stå i forhold til det ein ønskjer å oppnå. Datatilsynet ser ikkje at det er tilfellet her, og vurderer det foreslåtte registeret til eitt av dei mest personverninngripande registera som er etablert i Noreg.  

Les høyringsfråsegna her (pdf, nytt vindauge)

Datatilsynet © 2010    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy