Elkjøp må innhente samtykke frå kundane før dei registrerer kunden i kunderegisteret, ifølgje eit pålegg frå Datatilsynet.
Elkjøp har opplyst at det berre er namn, adresse og telefonnummer som blir registrert i kunderegisteret, og at registreringa er frivillig. Formålet med kunderegisteret er å identifisere rett kunde i samanheng med eventuelle returar og service. Kunden kan vidare få ei oversikt over tidlegare kjøp. Elkjøp opplyser vidare at kunderegisteret ikkje blir nytta til andre formål.
Datatilsynet har kome til at det aktuelle behandlingsgrunnlaget i personopplysningslova, for oppretting av kunderegisteret, er samtykke i lova si § 8. Tilsynet har vidare lagt vekt på at registeret allereie i dag er basert på frivillig deltaking.
- Det bør vere opp til den einskilde kunden om han eller ho ønskjer å vere registrert i kunderegisteret, eller om vedkomande sjølv vil ta vare på kvitteringa, seier Katrine Berg Blixrud, seniorrådgivar i Datatilsynet.
Denne tolkinga vil gjelde andre leverandørar i same bransje også, og Datatilsynet vil gjere dei andre bransjeaktørane oppmerksam på dette.
Etter at pålegget blei motteke, har Elkjøp ein treukersfrist for å kome med ei eventuell klage.
Les brevet her (pdf, nytt vindauge)