Artikkel 29-gruppa om personvernet til barn
(04.09.2008) Gunnel Helmers 
print
 
del/tips
Tips en venn Del artikkelen
Mottakers e-post
Din e-post
Melding
 
 

Barn har rett til personvern. Korleis skal ein få det til? Dette er temaet i artikkel 29-gruppa sitt arbeidsdokument om barn sitt personvern. Dokumentet ser spesielt på skular.


Artikkel 29-gruppa er eit organ med eit spesielt ansvar for å følgje med på korleis personvernregelverket i EU- og EØS-området blir fulgt opp.

Arbeidsdokumentet tek opp ei rekkje konkrete forhold i tillegg til ein generell gjennomgang av barn sine rettar på området. Spesielt ser gruppa på forhold rundt skulegang; elevregister, kameraovervaking på skular, utlevering og tilgang til elevdata, biometri i skular, helseforhold, bilete av barn og websidene til skulen.

Gruppa meiner lovreglane stort sett er gode nok til å verne barna. Likevel er det ein føresetnad at føresegnene blir brukte i tråd med prinsippet om barnet sin beste. Lovbruken må ta dei mindreårig sin spesielle situasjon med i vurderinga.

Dersom det oppstår interessekonfliktar, kan ein søkje ei løysing ved å tolke personverndirektiva i tråd med prinsippa i barnekonvensjonen til FN.

Les utsegna frå Artikkel 29-gruppa om barn sitt personvern: Working Document 1/2008 on the protection of children's personal data (pdf, nytt vindauge)

Datatilsynet © 2010    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy