Eiendomsoverdragelser på Internett
(23.11.2007) Gunnel Helmers 
print
 
del/tips
Tips en venn Del artikkelen
Mottakers e-post
Din e-post
Melding
 
 

Norsk Eiendomsinformasjon bad Datatilsynet vurdere om ei teneste som Asker og Bærum Budstikke har på nettsidene sine er lovleg. Tenesta, Eiendomsbasen, inneber at opplysningar om eigedomsoverdragingar i Asker og Bærum blir publiserte på Internett.


Datatilsynet avviste saka. Tilsynet grunngav avvisinga med at Budstikkas publisering skjer berre til journalistiske formål. Dermed vil berre ein avgrensa del av personopplysningslova gjelde.

Norsk Eiendomsinformasjon klaga. Dei meinte at Budstikkas teneste inneber ei utlevering av personopplysningar som er i strid med personopplysningslova. Dei meinte avisa ikkje tilarbeida eigedomsdatabasen journalistisk, og at basen heller må sjåast som ei forretningsverksemd som gir avisa større annonseinntekter.

Datatilsynet meiner det må vere forsiktig med å regulere arbeidet til pressa. Dette er eit oppdrag som skal skjøttast av pressa sitt organ, Pressens Faglige Utvalg. Tilsynet meiner også at avisa må kunne ha kommersielle interesser, og likevel ha berre journalistiske formål med formidlinga si. Avisa behandlar reine realopplysningar, det vil seie opplysningar som gjeld eigedomsforhold. Dette er opplysningar som tradisjonelt ikkje blir sett som særleg tryggingsverdige ut frå personvernomsyn.

Personvernnemnda meiner Budstikkas eigedomsbase er eit journalistisk produkt som har blitt redaksjonelt tilarbeida, og viser i tillegg til at redaksjonell tilarbeiding ikkje er eit krav etter lova. Også gjengiving av reine faktaopplysningar, som for eksempel resultatlistar, kan vere journalistisk aktivitet. I tillegg viser nemnda til at avisa bruker offentleg tilgjengeleg informasjon. Personvernnemnda fell ned på same vurdering som Datatilsynet.

Les oversendingsbrevet (pdf, nytt vindauge)

Les Personvernnemnda sitt vedtak (pdf, nytt vindauge)

Datatilsynet © 2010    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy