Blankofullmakt til NAV
(18.10.2007) Gunnel Helmers 
print
 
del/tips
Tips en venn Del artikkelen
Mottakers e-post
Din e-post
Melding
 
 

I eit lovendringsforslag opnar Arbeids- og inkluderingsdepartementet ytterlegare for at NAV skal kunne samle inn uredigerte, fullstendige pasientjournalar. – Teieplikta tyder ikkje det same etter dette, seier Sverre Engelschiøn i Datatilsynet.


Formålet med lovendringsforslaget er meir effektiv tilbakekrevjing av feilutbetalingar og betre verkemiddel for å kunne kjempe mot trygdemisbruk.

- NAV får nærmast uavgrensa tilgang til fullstendige og uredigerte pasientjournalar dersom forslaget skulle bli vedteke, seier Engelschiøn. - Om ein dømmer etter midlane NAV er foreslått å få, ser det ut til at oppklaring av trygdemisbruk blir oppfatta som viktigare enn oppklaring av drap. NAV sin tilgang til journalane blir enklare enn politiet sin, sjølv i saker der politiet etterforskar alvorleg kriminalitet.

I tillegg får NAV utvida heimlar til å samle inn informasjon frå andre enn helsevesenet. - I realiteten får NAV blankofullmakt til å innhente dei opplysningane etaten sjølv finn relevant, både om stønadsmottakarar og om andre personar, skriv Datatilsynet i høyringsfråsegna.

I Personvernundersøkelsen i 2005 sa heile sju av 10 spurde at dei meinte det var spesielt viktig å verne helseopplysningar. Eit fleirtal var også ueinige i at helseopplysningar blir utveksla utan deira eige samtykke, sjølv dersom utvekslinga hadde helsehjelp som formål. - Personvernundersøkinga viser tydeleg at norske borgarar oppfattar helseopplysningane i pasientjournalen som svært sensitive, understrekar Sverre Engelschiøn.

Les heile høyringsfråsegna (pdf, nytt vindauge)
 

Datatilsynet © 2010    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy