Kva er ei "personopplysning" og kva fell utanfor? Artikkel 29-gruppa har no kome med retningslinjer for tolking av omgrepet.
Artikkel 29-gruppa er ei offisiell, rådgivande EU-gruppe med ansvar for å sjå til at personverndirektivet blir etterlevt. Under gruppa sitt siste møte før sommaren blei det vedteke ei fråsegn som gjeld forståinga av omgrepet personopplysning.
Fråsegna er omsett til dansk.
Dokumentet trekkjer opp linjer for kva som blir omfatta av omgrepet "personopplysning". Gruppa deler omgrepet opp, og gir konkrete eksempel bygde på dei nasjonale tilsyna si saksbehandling.
I Artikkel 29-gruppa sit representantar frå alle datatilsynsmyndigheiter i EU og EFTA. Datatilsynet deltek som observatør. Gruppa er uavhengig og gir EU-kommisjonen råd i personvernspørsmål. Gruppa sine fråsegner har også stor verdi for tolking av det norske regelverket.
Les Artikkel 29-gruppens uttalelse her (pdf, nytt vindu)