I ei ny klageavgjerd kjem Personvernnemnda fram til at ein koplingsbro oppbevart av SSB kan behaldast fram til 2013.
Datatilsynet gav i 2004 avslag på vidare oppbevaring av ein koplingsbro, det vil seie ein koplingsnøkkel som gjer det mogeleg å kople saman fleire register med Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag (HUNT), i ytterlegare ti år.
Datatilsynet grunna avslaget med at det opphavlege samtykket deltakarane hadde gitt HUNT ikkje var godt nok etter krava i den nye helseregisterlova.I tillegg var forskingsfila etter tilsynet si meining så omfattande at den kunne seiast å vere ein personverntrussel.Bevaringa av koplingsnøkkelen gav etter tilsynet si meining ei forenkla moglegheit for å finne tilbake til enkeltpersonane bak opplysningane.
Tilsynet meinte også at at konsesjonen som godkjende opprettinga av forskingsfila med opplysningar frå dei forskjellige registra ikkje lenger var gyldig etter at overgangsreglane etter den gamle personregisterlova hadde gått ut.
Nemnda kjem fram til at tidsavgrensa oppbevaring og bruk av koplingsbrua er i samfunnet si interesse, og at personvernrisikoen er liten.
Personvernnemnda grunngir dette med at løysinga som blir brukt set pseudonym på opplysningane, og dette gjer at forskarane berre får tilgang til data med SSB sine løpenummer.Dette gjer det umogeleg for forskaren identifisere personen bak opplysningane.Dersom brua slettast, vil sambandet mellom dei registrerte og opplysningane brytast.Personvernnemnda meiner at opplysningane då ikkje lenger vil vere "personopplysningar" slik dette er definerte i personopplysningslova § 2 nr. 1 fordi opplysningane ikkje lenger kan knytast til enkeltpersonar.Nemnda vurderer pseudonymisering som forsvarleg i forhold til å hindre uautorisert gjen-identifikasjon.
Personvernnemnda meiner også at det at koplingsbrua blir oppbevard av ein tredjepart, SSB, gjer at personvernrisikoen er svært låg.
Les avgjerda her (nytt vindauge)