Datatilsynet skal medverke til at den einskilde ikkje vert krenka gjennom bruk av opplysningar som kan knyttast til han eller henne.
Datatilsynet er oppretta for å sjå til at personopplysningslova vert fulgt. Formålet med lova er å verne den einskilde mot krenking av personvernet gjennom bruk av personopplysningar. Datatilsynet er både tilsyn og ombud.
Eit uavhengig organ
Datatilsynet er eit uavhengig forvaltningsorgan administrativ underordna Kongen og departementet. Kongen og departementet kan ikkje instruere eller omstøyte Datatilsynets utøving av myndigheit i enkelttilfelle etter loven. Tilsynet vart oppretta 1. januar 1980.
Oppgåver
Datatilsynet skal føre ei offentleg liste over alle behandlingar som er melde eller som har konsesjon. Vidare skal tilsynet behandle konsesjonar og vurdere å gi pålegg. Datatilsynet skal informere og gi råd i forhold til personvernet generelt og farar for personvernet spesielt, hjelpe bransjane med å utarbeide eigne normer for åtferd samt gi råd om sikring av personopplysningar.
Les meir om Datatilsynet sine oppgåver her.
Klagar på avgjerder
Personvernnemnda avgjer klagar over Datatilsynet sine avgjerder. Klagar på avgjerder om retting og sletting av personopplysningar som blir behandla for historiske formål kan klagast vidare til Fornyings- og administrasjonsdepartementet.
Kontaktinformasjon
| E-post: | postkasse@datatilsynet.no |
| Postadresse: | Postboks 8177 Dep |
| 0034 Oslo |
| |
| Besøksadresse: | Tollbugata 3 |
| 0152 Oslo |
| Telefon: | 22 39 69 00 |
| Telefaks: | 22 42 23 50 |
| |