Lukk

Tips nokon om denne nettsida


Lastar
* Du må skrive inn to gyldige e-postadresser
Ditt tips er sendt
Det oppstod ein uventa feil. Prøv på nytt seinare

Sikker handtering av passord

Nøkkel og tastatur
Passord er ein unik og personleg nøkkel til ei teneste, ei nettside eller eit brukarforum. For at passordet ikkje skal kome på avvegar er det viktig at både verksemder og brukarar tek sine forholdsreglar.

Sjekkliste privatpersonar

Som kunde og brukar bør du velje eit passord som

  • er unikt for kvar teneste eller brukarforum du nyttar
  • er lett å huske for deg og vanskeleg å gjette for andre
  • består av minimum sju teikn, helst både tal og bokstavar og gjerne også spesialteikn (for eksempel !”#¤)

Du bør også huske på følgjande:

  • Ikkje vel ”automatisk huske passord” i programmet eller nettlesaren.
  • Fyll ut tryggingsspørsmål og alternativ e-post på tenestene der dette er mogeleg.
  • Sørg for å logge av alle tenester når du forlèt ei maskin.
  • Ikkje bruk e-postkontoar og nettprofilar som lagringsstad for privat informasjon.
  • Ikkje gi bort brukarnamnet eller passordet til andre, anten det er til venner eller netttenester som ber om det.
  • Bruk tryggingsløysingane i nettenestene du bruker slik at du kan be om å få tilsendt nytt passord dersom du gløymer det.
  • Dersom du blir bedd om å skrive eit kontrollspørsmål må du huske at svaret må vere noko berre du veit.

Sjekkliste for verksemder

Verksemder som tilbyr tenester som krev passord må handtere desse som ein del av systemet dei har for informasjonstryggleik. Verksemda må sørgje for følgjande:

  • Passord og brukarnamn skal ikkje liggje ope i kundesystema, og ikkje vere tilgjengelege for dei tilsette. Dette kan gjerast ved å kryptane passorda.
  • Ha skriftlege rutinar for sikring og eventuell handtering av passord i systema til verksemda.
  • Tilby lett tilgjengeleg informasjon til kunden om korleis verksemda sikrar passordet til kundane og utsending av nye eller høve for å forandre dei.