Det første som avgjer kva som kan publiserast av slektsopplysningar på nett er om publiseringa skjer på ei nettside som er open eller lukka. Dersom slektsopplysningane ligg på ei lukka side som berre er tilgjengeleg for nokon få personar med brukarnamn og passord, er det i utgangspunktet inga avgrensing på kva ein kan publisere. Det er fordi ei slik publisering vil bli sett på som privat.
Skilnad mellom levande og døde personar
Dernest er det eit spørsmål om personen som vert omtalt er død eller levande. Døde personar har nemleg ikkje rett til personvern etter norsk lov. Konsekvensen er at ein står fritt til å publisere opplysningar om avdøde personar, men mindre opplysningane og seier noko om levande personar (då vert det kravd samtykke frå den levande personen). Dette gjeld til dømes viss opplysningane seier noko om arvelege sjukdommar.
Ein kan imidlartid ikkje fritt publisere bilete av ein avdød person på nett før 15 år etter utlaupet av dødsåret (sjå Åndsverkloven § 45c).
Når må ein hente inn samtykke?
Dersom slektsforskingsopplysningane er knytt til levande personar, og opplysningane er publisert på ei nettside open for fleire enn ein mindre krets (til dømes næraste familie eller nær venekrets), skal ein som hovudregel hente inn samtykke frå personen(-ane) opplysningane gjeld. Unnataket er for følgjande opplysningar:
- Personnamn
- Slektstilknytting
Grunngjevinga for dette er at personverntrugselen vert sett på som liten, all den tid opplysningane til ein viss grad allereie er offentleg tilgjengeleg.
Viss opplysningane derimot er meir detaljerte enn personnamn og slektstilknytting, har ein plikt til å hente inn samtykke frå personen (-ane) som vert omtala før personopplysningane vert publisert.
Respekter folks ønskje om anonymitet
Sjølv om ein som slektsgranskar berre publiserer personnamn og slektstilknytting på nett, bør ein likevel ha respekt for at menneske har ulik terskel for kva ein meiner er greitt av netteksponering. Dersom ein blir kontakta av nokon som vil fjerne/anonymisere namnet sitt frå ei slektsgranskingsside, bør ein kome eit slikt ønskje i møte.