Lukk

Tips nokon om denne nettsida


Lastar
* Du må skrive inn to gyldige e-postadresser
Ditt tips er sendt
Det oppstod ein uventa feil. Prøv på nytt seinare

Fødselsnummer på ID- eller adgangskort

Det svært sjeldan sakleg behov for å ha fødselsnummer påtrykt eit ID-kort eller adgangskort.

Når identiteten eller autorisasjonane til kortinnehavaren skal sjekkast, er det normalt tilstrekkeleg med manuell kontroll av bilete og namn, automatisk kontroll av magnetstripe, smartkort eller liknande. Eit kort påtrykt fødselsnummeret gir lita grad av tryggleik, og er upraktisk i forhold til visuell kontroll av identitet eller autorisasjonar.

Datatilsynet meiner at fødselsdatoen på ID- og adgangskort er tilstrekkeleg i dei aller fleste tilfelle.

Fødselsnummeret er ikkje legitimasjon

Bruk av fødselsnummer skal i seg sjølv ikkje gi tilgang til andre personopplysingar. Om uvedkommande får kunnskap om fødselsnummeret, kan det gjere det enklare å finne att systematisk informasjon om den enkelte. Dette knyter seg blant anna til adgangskort som skal berast synleg, men gjeld også i andre samanhengar.

Artiklar