Føresette sin tilgang til læringsplattformer

Hovudregelen er at føresette har foreldreansvar frem til barnet er 18 år. Barn kan difor ikkje fritt råde over eigne personopplysningar før dei er myndige. Dette betyr at føresette i utgangspunktet kan be om innsyn i personopplysningar som er lagra om barnet i læringsplattformer og fråværsloggar.

I avgjerder som gjeld (eller vert tekne på vegne av) barn, skal ein alltid ta omsyn til kva som er best for barnet. Barnelova fastset at barn ned i sjuårsalderen har rett til informasjon, og dei skal ha høve til å seie meininga si før det blir teke avgjerder om personlege forhold. Meininga til barnet skal vektleggjast i aukande grad etter alder og modning.

Elektronisk kommunikasjon er òg personleg. Det gjeld til dømes når eleven nyttar chat, sender e-post eller diskuterer med andre elevar og lærarar. 

Rettleiinga vår på dette området har tidlegare teke utgangspunkt i ein personvernrettsleg myndigheitsalder på 15 år. Det finns derimot ikkje rettsleg grunnlag for å fastsettje ei slik absolutt aldersgrense, og vi støtter Utdanningsdirektoratet som seier at det heller ikkje gjeld ein generell myndighetsalder på utdanningsområdet.

Gradvis overgang til sjølvråderett

Barn har ein grunnleggjande rett til vern av privatlivet sitt. Ifølge barnelova skal barnet få stadig større sjølvråderett med alderen fram til det fyller 18 år. Det inneber at barn i nokre høve kan utøve sjølvråderett før dei fyller 18 år, og at foreldreansvaret tek slutt tilsvarende.

Alder på barnet, grad av modning og typen personopplysningar det er tale om, vil avgjere om foreldra åleine kan utøve retten til innsyn på vegne av barnet eller saman med barnet, eller om barnet er i stand til å utøve innsynsretten på eiga hand.

Som følgje av den skjønnsmessige vurderinga som må gjerast i kvart einskild tilfelle, er det ikkje mogleg å gi eit generelt og klart svar på kor omfattande tilgang føresette skal ha til læringsplattformer. Den aukande retten barnet har til medverknad og til å råde sjølv, talar likevel for at personleg kommunikasjon på læringsplattformane bør avgrensast for dei føresette. Dersom tilgang til læringsplattformen er naudsynleg i samband med oppfølginga av barnet, vil det tale for rett til innsyn. 

Informasjon om fråvær

Forskrifta til opplæringslova § 20-4 regulerer foreldresamarbeid i videregåande opplæring, og pålegg skulen å gi føresette «varsling om eleven sitt fråvær» og «varsling dersom det er fare for at det ikkje er grunnlag for vurdering i fag». Bestemmelsen gir ikkje føresette ein kontinuerleg rett til innsyn i fråværsloggen.

Etter vårt syn er det stor skilnad på å gi føresette eit skriftleg varsel når eleven nærmar seg grensa for akseptabelt fråvær, og ein kontinuerleg innsynsrett i fråværsloggen med detaljert informasjon om dato og tidspunkt. Det siste er særs inngripande i eleven sitt personvern, og truleg ikkje i samsvar med den aukande sjølvråderetten.

Dersom føresette ber om innsyn i fråværsloggen og barnet sjølv protesterer, vert det eit spørsmål om barnet sin rett til personvern skal vike for insynsretten til dei føresette. I ei slik balansering av ulike interessar, skal ein vektlegge kva som er best for barnet. Det inneber at dersom tilgang til fråværsloggen er naudsynleg for å kunne ivareta foreldreansvaret, taler det for at føresette får innsyn, sjølv om barnet ikke ønskjer det.

Det må altså gjerast ei brei vurdering av alder, modning og kva opplysningar det er tale om. Vi meiner forskrifta til opplæringslova § 20-4 gir ei god og generell rettleiing for kva føresette skal ha tilgang til. Det kan likevel vere situasjonar der dei føresette har behov for fleire opplysningar om barnets fråvær.

Sjå også rettleiinga om føresette sin rett til innsyn på vegne av umyndige elevar på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Særskilte foreldrekontoar er ei god løysing

Datatilsynet meiner det er ei god løysing at skulen oppretta eigne foreldrekontoar der relevant informasjon frå skulen er tilgjengeleg. Slik hindrar ein at elevane blir tvungne av dei føresette til å gi innsyn i all informasjon som er tilgjengeleg for elevane. Ved separate kontoar vil eleven sjølv ha kontrollen over passord og brukarnamn på eigen konto.