Fleire kommunar har kontakta Datatilsynet med spørsmål om friskular sine ynskje om å kontakte elevar i ungdomsskuletrinnet med informasjon om skuletilbod. På bakgrunn av dette tok Datatilsynet i 2007 opp spørsmålet med Justis- og politidepartementet. Datatilsynet oppfordra samstundes departementet om at elevlister i grunnskulen vart teke inn som eit unntak frå offentlegheit i føreskrifta til den nye offentleglova.
Den nye offentleglova med føreskrift vart gjort gjeldande frå 1. januar 2009, utan at det der er gjort unntak med omsyn til elevlister. I brev frå Justisdepartementet den 18. juni 2009 har departementet seinare også stadfesta at elevlister er offentlege dokument, omfatta av hovudregelen om innsynsrett etter offentleglova. Dersom elevlistene berre inneheld informasjon om namn, adresse, telefonnummer og eventuelt fødselsnummer, er i utgangspunktet ingen delar av elevlista unnateke frå innsyn etter offentleglova, seier Justisdepartementet i si vurdering.
Teieplikt om hemmelige opplysningar
Teiingsplikta vil likevel vere gjeldande om nokon av elevane har hemmeleg telefonnummer eller adresse, eller dersom adressa røper eit forhold som må sjåast på som personleg, til dømes av vedkomande bur på ein barnevernsinstitusjon. I tilfelle der adressa er sperra (hemmeleg), vil også namnet vere underlagt teiingsplikt. Dersom det i elevlista kjem fram opplysingar om at eleven får tilrettelagt undervisning grunna ulike typar handikap eller åtferdsproblem, vil teiingsplikta også gjelde, skriv departementet i sitt brev til Datatilsynet.
Skulane er ansvarlege
Datatilsynet oppmodar skulane til å vurdere behovet for elevlistar og syne stor varsemd med omsyn til utlevering av slike lister og andre opplysingar om elevar i skulen. Det er viktig å vurdere risikoen for at opplysingane kan kome på avvegar. Ein kan ikkje sjå bort frå at utlevering av elevlister kan føre til uønskt bruk av personopplysingar for born heilt ned til seksårsalderen. Pågåande marknadsførarar kan vere eit av dei meir uskuldige døma på dette.
Kommunen vil kunne vere erstatningspliktig dersom ein til dømes gløymer å sladde hemmelege adresser, eller det skjer andre brot på teiingsplikta.
Ikkje på Internett
Kommunen bør samstundes vurdere sjølve innhaldet i elevlistene. Etter Datatilsynet si oppfatning må skulane til dømes unngå å ha fødselsnummer i elevlistene. Slike lister bør heller ikkje publiserast på Internett.