Adressemeklinga er ikkje ein trussel mot personvernet hvis adresselistene berre inneheld det ein kallar grunndata. Då treng ikkje verksemdene samtykke frå dei registrerte. Med grunndata meines mellom anna namn, adresse, telefonnummer og fødselsdato.
Listesjekk
Leigar skal alltid sjekke listene opp mot Reservasjonsregisteret før bruk, slik at dei som har reservert seg ikkje mottar uønska marknadsføring.
Adressemekling av lister skal ikkje skje:
- der det gjeld barn under 15 år
- dersom adresselistene inneheld informasjon som kan gje indikasjonar på sensitive forhold - all bruk av personopplysningar må i så tilfelle være basert på samtykke frå den registrerte
Informasjonsplikt
Verksemdene har plikt til å opplyse kundane sine om at ei formidling av personopplysningar vil finne stad, og om kva for nokre opplysningar som vil verte nytta til kva. Når forbrukarane mottek direkte marknadsføring har dei også krav på å få vite kvar opplysningane er henta frå utan å måtte be om det. Alle desse informasjonskrava er sett for at forbrukarane skal ha muligheit til å reservere seg mot direkte marknadsføring i verksemdene sine eigne reservasjonsregister.
Last ned rettleiar
Adressemekling (pdf)