Lukk

Tips nokon om denne nettsida


Lastar
* Du må skrive inn to gyldige e-postadresser
Ditt tips er sendt
Det oppstod ein uventa feil. Prøv på nytt seinare

Høgskule må endre rutiner

Høgskulen i Vestfold krev at studentane publiserer delar av arbeidet sitt på nett. Studentane har reagert på dette, og får no stønad av Datatilsynet som ber høgskulen endre denne praksisen.

Datatilsynet blei hausten 2011 kontakta av lærarstudentar ved Høgskulen i Vestfold (HiVe). Studentane er sterkt ueinige i skulen sitt krav om at dei må publisere delar av studentarbeidet sitt på nett, og kjenner seg pressa til å eksponere seg meir enn dei ønskjer. Datatilsynet har tidlegare motteke spørsmål om dette frå studentar ved høgskulen i 2003, 2005 og 2007. Og svaret frå tilsynet denne gongen er det same som tidlegare; denne praksisen må stanse. Ei slik publisering må vere frivillig.

Sjølvråderett

Retten til å kontrollere flyten av opplysningar om seg sjølv er eit viktig prinsipp i personopplysningslova. Samtykke er det som best varetek sjølvråderetten.

- Høgskulen i Vestfold ser ut til å meine at berre eksamensoppgåver, praksisarbeid og arbeid av følsam karakter er personopplysningar. Det er i så fall feil. Dersom det er mogeleg å knyte ein tekst eller ei oppgåve til studenten som har skrive den, definerast det som ei behandling av personopplysningar, seier juridisk rådgivar Eirin Lauvset. - All publisering av studentane sine arbeid og prestasjonar krev difor eit rettsleg grunnlag. Det vil for eksempel seie eit samtykke eller ein lovheimel.

Ryggmargsrefleks for personvern

HiVe trekkjer blant anna fram at studentane må ta i bruk teknologi for å tileigne seg kompetanse om digitale verkty og personvern, og viser til Kunnskapsløftet og rammeplan om at studentane skal tileigne seg slik kunnskap. Datatilsynet meiner det ikkje bør vere nødvendig å publisere eige studentarbeid for å få kompetanse om nett og personvern. Tilsynet kan heller ikkje sjå at det finst nokon lovheimel som kan påleggje elevane ei slik publisering.

- Det er leitt at ikkje leiinga ved HiVe verdset at elevane faktisk allereie har ein ryggmargsrefleks for personvern, og tek den på alvor, seier Lauvset. 

Ikkje frivillig samtykke

Høgskulen meiner dessutan at publiseringa er basert på samtykke, men slik studentane og Datatilsynet oppfattar det kan ikkje dette samtykket seiast å vere frivillig. Høgskulen krev nemleg ei grunngiving frå dei studentane som ikkje ønskjer å publisere studentarbeidet sitt, og dermed kan studentane kjenne seg pressa til å følgje høgskulen si forventning om publisering. Og dersom samtykket ikkje er frivillig, er det heller ikkje gyldig.

Datatilsynet har no bedt Høgskulen i Vestfold om å avslutte praksisen sin med å krevje at studentane publiserer eigenprodusert studentarbeid på nett.

Last ned:

Brevet frå Datatilsynet til Høgskulen i Vestfold (pdf)