Lukk

Tips nokon om denne nettsida


Lastar
* Du må skrive inn to gyldige e-postadresser
Ditt tips er sendt
Det oppstod ein uventa feil. Prøv på nytt seinare

Forslag til politiregisterforskrift

I si høyringsfråsegn til politiregisterforskrifta, åtvarar Datatilsynet mot å gi politiet heimel til å lagre trafikkdata i eit eige register etter at straffesaka som data er innhenta til er avslutta.

Stortingets vedtak om datalagringsdirektivet inneber at politiet, når direktivet vert implementert, kan få tilgang til trafikkdata i konkrete straffesaker. Justis- og beredskapsdepartementet skriv i sitt framlegg til politiregisterforskrift at trafikkdata  som politiet har henta inn i ein konkret sak skal slettast når straffesaka er avslutta. Slik Datatilsynet ser det er dette ei vidareføring av gjeldande rett. Tilsynet er difor ikkje samd med politiet som hevdar at dei per i dag har høve til å lagre trafikkdata samla inn også etter at den konkrete straffesaka er avslutta.

Data må slettast

- Når ei straffesak er avslutta, vil ikkje politiet lenger ha heimel i lov til å lagre dei innsamla trafikkdata, utover i den einskilde straffesaka. Det betyr at desse data må slettast! Slik er det i dag, og slik bør det og vere når datalagringsdirektivet trer i kraft, seier direktør i Datatilsynet, Bjørn Erik Thon. Han meiner politiets ønskje om å lagre trafikkdata internt i politiet bryt med sentrale deler av datalagringskompromisset frå 2011.

- I debatten om datalagringsdirektivet gav eit samla Storting uttrykk for at politiets tilgang til trafikkdata skal skje kontrollert i form av domstolskontroll. Å gi politiet lov til å sitte på eit internt dld-register, i tilfelle dei vil få bruk for opplysningane i framtidige straffesaker, vil vere eit fundamentalt brot med desse bestemmingane, seier Thon.

Tilgangsstyring og innsynsrett

Datatilsynet etterlyser i same høyringsfråsegn klare grenser for kven i politiet som skal ha tilgang til dei ulike registra. I departementets framlegg er ikkje tilgang knytt opp mot nødvendigheit, men i stor grad overlete til den behandlingsansvarleges skjønn (t.d. den lokale politimeisteren). Tilgangsstyring er eit godt verkemiddel for å redusere risikoen for uautorisert spreiing av personopplysningar.

Tilsynet foreslår og å styrke innsynsretten i høve til departements framlegg. For det første meiner Datatilsynet at den registrerte som hovudregel må få innsyn i fullstendige dokument, så fremt dokumenta ikkje inneheld personopplysningar om andre personar. For det andre bør det gis innsyn i opplysningane som er registrer. Det vil seie at dersom politiet har registrert eit bilete av ein person i fotoregisteret, skal personen få sjå sjølve bilete. Berre på den måten kan han eller ho kontrollere at opplysningane som politiet har registrert er riktige. 

Last ned:

Høyringsfråsegn - Forslag til politiregisterforskrifta (pdf)