Lukk

Tips nokon om denne nettsida


Lastar
* Du må skrive inn to gyldige e-postadresser
Ditt tips er sendt
Det oppstod ein uventa feil. Prøv på nytt seinare

Klage på vedtak

Du har rett til å klage på vedtak som Datatilsynet gjer.

Dette gjer du ved å sende klaga til oss slik at vi kan vurdere saka på nytt. Du vil enten få medhald, ellers så sender vi saka til Personvernnemnda som er klageinstans.

Klagefrist

Klagefristen er tre uker frå den dagen brevet kom fram. Du kan søkje om å få lengre klagefrist og da må du neme grunne til at du ønskjer det.
Retten til å krevje grunngjeving
 
Dersom du meiner at vi ikkje har grunngjeve vedtaket, kan du krevje ei slik grunngjeving før fristen går ut. Ny klagefrist blir då rekna frå den dagen de får grunngjevinga.

Innhaldet i klaga

I klaga du sender oss ber vi deg om å skrive:

  • kva for eit vedtak du klager på
  • årsaka til at du klager
  • den eller dei endringar du ønskjer
  • eventuelt andre opplysningar som kan ha noko å seie for vurderinga av klage

Huks også å skrive under på klaga.

Retten til å klage på vedtak er definert i personopplysningslova § 42 fjerde ledd og forvaltningslova §28.