Den nye konsesjonen inneheld fleire endringar. Det er innarbeidt viktige avklaringar som Personvernnemda har gjort i saker om kredittvurdering og det er teke inn endringar etter innspel frå Norske kredittopplysningsbyråa si foreining.
Somme innspel frå bransjen er likevel ikkje teke inn i konsesjonen. Dette gjeld blant anna ønsket frå bransjen om å kunne bruke tidlegare forespørslar om kreditt og tidlegare bustadsadresser, i kredittvurderinga si. Bruk av slike opplysningar i ein vil bety ei vesentleg utviding av konsesjonen og Datatilsynet har derfor ikkje innfritt desse forslaga.