Lukk

Tips nokon om denne nettsida


Lastar
* Du må skrive inn to gyldige e-postadresser
Ditt tips er sendt
Det oppstod ein uventa feil. Prøv på nytt seinare

Må ein tole meir på nett?

Blogging er svært utbreidd blant ungdom. Heile 21 prosent av alle jenter mellom 9-16 år hadde ein blogg våren 2011. Mange av dei opplever dagleg hetsing i kommentarfeltet på bloggen sin.

Fenomenet med å leggje igjen stygge kommentarar i kommentarfeltet blir kalla "trolling" og er eit kjent problem for dei som bloggar. Men må ein tole meir på nett? Dette er eit av spørsmåla skuleungdom må ta stilling til i modulen om blogging i Du Bestemmer-prosjektet. Undervisningsopplegget var i 2011 brukt av over 400 000 norske skuleelevar og adoptert til 16 land.

Opne og les heile artikkelen Skjul full artikkel

Låg terskel for drittslenging

Tek du ein kjapp kikk i kommentarfeltet til ein populær ungdomsblogg vil du fort merke at det er låg terskel for å slengje med leppa. - Mange foreldre ville ha blitt overraska over kva barna får seg til å seie til kvarandre på nettet, seier Kari Laumann i Teknologirådet, prosjektleiar for Du Bestemmer. - Nokon blir troll på nettet, men vanleg folkeskikk bør vere gjeldande der også.

Hetsing

Ein av bloggarane som har opplevt å bli hetsa på nett er 14 år gamle Hanna. Ho gjekk til politiet etter at ein person fleire gonger hadde skrive stygge meldingar på bloggen hennar. Det viste seg at personen som skreiv under fullt namn hadde stole ein annan sin identitet. Hanna har mellom anna laga eit videoblogginnlegg for Du Bestemmer-prosjektet om erfaringane og tankane sine om hetsing på nett.  - Dersom eg får hundre fine kommentarar og ein stygg, så er det framleis den stygge kommentaren eg tenkjer mest på, seier Hanna.

- Pass på deg sjølv!

21 prosent av alle jenter mellom 9-16 år driv med blogging, og talet er firedobla på sju år, viser tal frå Medietilsynet. Mange unge jenter, ofte kalla "rosabloggarar", skriv om seg sjølv. Dei skriv om klede, sminke, skule og venner.

Ein av dei unge toppbloggarane, Emilie Nereng - alias Voe, hjelper til med sine bloggtips i undervisningsopplegget Du Bestemmer. Hennar tips er som følgjer:

  • Ikkje tru på alt du les! Nokon liker å gjere seg meir interessante ved å spreie rykte, ta ting ut av samanheng og vri og vende på sanninga.
  • Skriv positivt! Det er ingen som liker å lese ein blogg som gjer deg i dårleg humør. Ikkje diss andre, ha respekt for at folk er forskjellige.
  • Pass på deg sjølv! Ikkje legg ut bilete eller skriv innlegg som du kan kome til å angre på. Du treng ikkje å fortelje absolutt alt om deg sjølv.

Modulen om blogging med informasjon, tips og oppgåver kan du finne her:

For dei mellom 9 og 13 år

For dei mellom 13 og 17 år

Kort om Du Bestemmer-prosjektet

Du Bestemmer handlar om personvern, mobbing på Internett og mobil, kjeldekritikk, kjøpepress på nett og foreldreansvar. Undervisningsopplegget er til no brukt av over 400 000 norske skuleelevar og er adoptert til 16 forskjellige land.

Du Bestemmer blei lansert i 2007 for 13-17 åringar og i 2009 kom opplegget også for barn mellom 9-13 år. Skular kan bestille gratis klassesett på www.dubestemmer.no.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Datatilsynet, Teknologirådet og Senter for IKT i utdanninga.